Slik fungerer det

Bestilling

Du leiger ei hylle her og legg tinga dine ut for sal i butikken.


Hylleplass kan leigast frå ei til fem veker. Dersom det er ledige hyller, kan du forlenge leigeperioden. 


Hugs at det du sel, må vere reint og luktfritt.

Prismerking

Når du leiger ein hylleplass hos Meirbruk registrerer du alle varene dine i Din butikk.


Alle varer må vere merkte med prismerke og strekkode, som du skriv ut i butikken ved starten av leigeperioden.

Følg salet ditt

No er det berre å vente på at kundane begynner å kjøpe varene dine.


Du kan fortløpande sjekke salet i Din butikk og fylle på med fleire varer.


Alle varer blir selde «som dei er», og det er derfor ikkje mogleg å returnere eller reklamere på varer.

Utbetaling

To gangar i månaden overfører vi det du har tent, til din bankkonto.


Vi trekk 18% provisjon av salet på Meirbruk og Meirbruk:lokalt, og 20% på Meirbruk:marknad.


Dette skal dekke husleige, straum og anna som trengst for å drive butikken.

Tips til deg som skal selja

Reint og heilt

Klede og gjenstandar du skal selje, må vere reine, heile og utan lukt.

Prising

Ta på deg kjøparens briller når du fastsett prisen. Erfaring viser at god kvalitet til låge prisar sel best.

Ikkje overfyll hylla

Dersom det er for mykje på hylla, blir det vanskeleg å sjå alle skattane. Fyll heller på etter kvart som du sel.

Marknadsfør dine eigne varer

Hylla di er butikken din. Dersom du marknadsfører det du sel på sosiale medium, har du større sjanse for å få selt varene dine.

Kva er Meirbruk

Ofte samlar vi på klede og ting som er altfor gode til å kaste, men som vi ikkje lenger har bruk for. Hos Meirbruk kan du enkelt selje dette, glede andre og tene pengar samstundes. Vi er opptekne av berekraft og å bruke opp det som allereie er produsert. Ved å gi tinga dine nytt liv, er du med på å gjere verda litt grønare.


Vi har tre typar hyller: Meirbruk, Meirbruk:lokalt og Meribruk:marknad. Vanlege hyller bestiller du her på nettsida, medan Meirbruk:lokalt og Meribruk:marknad må bestillast ved å ta kontakt med oss.



Butikken er ubetjent. Du låser deg inn ved hjelp av ei kode du får på SMS.